Mykje innhald, lite bra
0

Mykje innhald, lite bra

jul 09 Jesper Nondal  

Sorry, Rainbow Skies! Eg sa eg ville ha best spel, ikkje mest spel.

Rainbow Skies er eit strategisk RPG, og ein spirituell oppfølgjar til Rainbow Moon, som kom ut til fordelaktige kritikkar i 2012. Spelet inneheld ei original historie og nye karakterar, så ein treng ikkje ha spelt Rainbow Moon for å forstå Rainbow Skies.

Press O to suspend

Historien startar i den flygande byen Arca, der Damion og kompisen/den arrogante læremesteren hans, Layne, etter ein serie med uheldige hendingar klarar å falle ned frå byen. I Lunah, der dei to endar opp, trenar den unge magikaren Ashly på ein trylleformel som skal gi ho kontroll over ulike vesen, og etter enda litt fleire uheldige hendingar endar ho opp med å kaste formelen på Damion og Layne, noko som gjer at dei alle tre ikkje kan forlate kvarandre sitt selskap. Dei tre unge heltane må no ut på eventyr og finne ein måte å bryte magien som held dei saman.

TEKSTTUNGT: Gjer deg klar til å sjå mange av desse dialogboksane.

Det er ikkje ein veldig god historie vi er vitne til her, men det er veldig mykje av den. Historien blir fortalt gjennom dialogboksar, med nokre få animerte mellomsekvensar her og der. Spelet lid av det same problemet som Pokémon-serien har gjort i dei seinaste utgåvene, ved at det er alt for mykje tekstlesing utan at teksten er spesielt underhaldande. Karakterane i spelet er veldig seine med å komme til poenget, og spelaren har skjønt utfallet av ein samtale lenge før samtalen er over. Det er mogleg å hoppe over dialog, og heller lese korte oppsummeringar av historien i loggboka, men eg skulle ønske at spelet heller fortalte historien sin på ein meir effektiv og engasjerande måte. Heller ikkje karakterane er spesielt godt oppbygde, og spelet belagar seg for ofte på klisjear og troper som er kjende for dei fleste med litt kunnskap om JRPG-sjangeren.

Visuelt så er Rainbow Skies litt blanda drops. Karaktermodellane for både menneske og monster ser fine ut, sjølv om nokre av dei er i overkant leiketøyaktige. Oververdenen du utforskar har ein del interessante plassar å besøke, men det meste av dungeons har eit design som er noko uinspirert.

God progresjon, repetetive kampar

Den tiden du ikkje brukar på å klikke deg gjennom dialogboksar, brukar du på å forbetre karakterane dine i Rainbow Skies sitt strategiske kampsystem. Systemet baserar seg på eit rutenett der dei tre hovudkarakterane og eventuelle monster du har trent opp (ein spelmekanikk som blir introdusert eit godt stykke inn i spelet) slåss mot varierande mengder skapningar i turbaserte kampar. Kvar karakter har forskjellige evner og karakteristikkar, samt inventarplass og utstyr som kan oppgraderast. Det er her ein finner drivkraften i Rainbow Skies, og grunnen til at eg ikkje heilt kunne legge det frå meg når eg først hadde satt meg ned. Spelet gir deg alltid ei form for progresjon, og det føles aldri som om ein kamp er bortkasta tid med tanke på at du i alle fall vil få eit eller anna som kan forbetre ein eller fleire av karakterane dine.

KAMPSYSTEM: Rutenettet står for det meste av strategien i Rainbow Skies.

I oververdenen kan ein sjå enkelte vesen bevege seg rundt på kartet, og bestemme kven ein vil slåss mot. I tillegg er det randomiserte kampar som kan utførast ved å trykke X når det kjem eit lite prompt opp på skjermen. Sjølv om mange av kampane er frivillige, opplevde eg likevel at dei kunne bli repetetive etter ei stund. Det er rett og slett ikkje så mykje rom for strategi i kampane utover det å bestemme seg for kven ein skal angripe først, og kva rute ein helst vil sperre av ved å drepe ein fiende. Animasjonane i kampane er tidkrevjande, og kan ikkje skippast (så vidt eg kunne finne ut). Det gir difor lite meining å bruke enkelte evner dersom du ser at fienden kan overvinnast med å bruke standardangrep (som ofte er like sterke som spesialevnene, alt etter kva du vel å oppgradere). Eg opplevde òg plutselege hopp i vanskelegheitsgraden ein del gangar, noko som er frustrerande når kampane kan ta ganske lang tid og vere ressurskrevjande.

Vanskelegheitsgraden er elles noko spelaren kan endre på undervegs i spelet. Dersom du er interessert i historien og ikkje vil gjere mange sideoppdrag, så kan du spele på lågaste vanskelegheitsgrad og unngå mykje av grindinga som spelet elles legg opp til.

Mykje spel for pengane

Rainbow Skies kan kjøpast for ein knapp 200-lapp i PS Store. Ein får då spelet på PS4, PS3 og Vita. Spelet har eg testa på PS4, men eg trur nok det passar seg betre på ein Vita. Dette er ikkje eit spel ein nødvendigvis treng å sitje i ein sofa for å spele. Det krev aldri din heile og fulle merksemd, og om du spelar i økter opp mot ein halvtime, så er det ikkje like merkbart at kampane er repetitive.

Det er mange spelmekanismar å lære seg, mykje historie å lese og mange, mange kampar å utkjempe, men i si heilheit klarar ikkje Rainbow Skies å engasjere.

Rainbow Skies gir deg veldig mykje spel for pengane, men det er ikkje veldig mykje gøy for pengane.

About Jesper Nondal

Journaliststudent, PSP Go-eigar, ikkje modell. Kan nevne fleire Tekken-karakterar enn Håkon.