
Det nyaste Super Smash Bros.-spelet har fått ein fleng av annonseringer sidan spelet blei bekreftet under E3 2011. Ein Miiverse-post frå Sakurai, som er produsenten av Smash-serien, annonserte den 31. mars at Knuckles også ville vere ein del av figurlista for det ambisiøse spelet. Han er ein av dei 26 figurane som til no er vist fram.
I Sonic-universet så er Knuckles The Echidna, som på norsk betyr maurpiggsvin, kjent som ein av Sonic sine vennar og som er beskyttaren for “The Master Emerald”. Med sine skarpe hansker er han ein god fighter, og passar dermed godt inn med alle dei andre Smash-figurane. I tillegg så kan han glide og klatre opp vegger. Korleis og om dette vil bli innført i spelet, det veit vi ikkje.
Ingen Tails?
Det oppstod stor forvirring rundt Smash-communitiet etter denne nyheiten, ettersom mange stiller seg spørsmålet: Kva med Tails? Til no, så er det berre Sonic og Knuckles som er annonserte Sega-figurer, og mange fans ville tenke seg at Tails blei prioritert over Knuckles. Teorier om kvifor dette er tilfellet har begynt å dukke opp, og den mest populære er at Knuckles kanskje skal få sitt eiga spel, på lik linje som Shadow fekk med Shadow The Hedgehog. Ein anna teori seier at Sega ønsker å kvitte seg med reven med trippelhaler.
Kva trur du? Diskuter i kommentarfeltet!